Skip to content

musikkteknologi.no

Increase font size  Decrease font size  Default font size 
Du er her:    Forside
EnglishFrenchGermanNorwegianPolishRussianSpanish

Online

Ingen
Musikkteknologi i undervisninga Skriv ut E-post
torsdag 28. februar 2008
HakonK_-_Med_laptop_og_keyboard_pa_stranda_1.jpg.smallKurs ved Norges Musikkhøgskole, 6.mars 2008. Kurset gir grunnlag for ein reflektert og kritisk haldning til bruk av musikkteknologiske verktøy i undervisninga. Musikkteknologi i undervisninga varer i ein dag og blir leia av Håkon Kvidal.

Gjennom praktisk arbeid med eksempel og elevoppgåver får ein innblikk i å implementere digitale verktøy i allmenn musikkundervisning. Kurset gir grunnlag for ei reflektert og kritisk haldning til bruk av musikkteknologiske verktøy i undervisninga, som til dømes å nytte digitale verktøy i komposisjon og arrangering, musikkteori og høyrelære, akkompagnement og samspill, m.m.

I kurset brukar ein bl.a. programma Audacity, Sequel og GNU Solfege, men innhald og oppgåver på kurset kan ein gjennomføre med dei aller fleste moderne musikkproduksjonsprogram.

Forkunnskapar
Kurset krevjar musikkerfaring og noko erfaring i bruk av datamaskin. Det er ikkje nødvendig å ta med eigen datamaskin.

Målgruppe
Lærarar i grunnskole, vidaregåande opplæring, kulturskole og andre som ønskjer å ta i bruk digitale verktøy i undervisninga og som er nysgjerrige på korleis musikkteknologiske verktøy kan gjere undervisninga meir innhaldsrik.

1-dags kurs
Torsdag 6. mars Kl 10.00 - 16.00
Pris: kr 1000,-
Påmeldingsfrist: 15. februar

Om Håkon Kvidal
Håkon Kvidal underviser i musikkteknologi ved Noregs musikkhøgskole. Han har erfaring frå ei rekkje plateproduksjonar, både som utøvar og produsent og er ein mykje brukt kurs- og foredragshaldar innan musikkteknologi. Kvidal arbeider med masteravhandling om musikkteknologi som undervisningsfag ved høgare utdanningsinstitusjonar i Norden. Sjå egen nettstad for for litteratur og informasjon.

Klikk her for påmelding.

Klikk her for kursplan. 

 
Basisfunksjoner i Sequel
basisfunksjoner_logo.gif I denne leksjonen lærer du å bruke noen av de meste benyttede funksjonene i Sequel. Etter å ha jobbet med leksjonen skal du kunne å:
Les mer...